Om oss

Firda Digital er ein tenesteleverandør i mediekonsernet Firda Media AS. Vi har kompetanse innan design, internettmarknadsføring og webutvikling.

Vi leverer brukarvenlege nettsider som når ut til eit størst mogleg publikum.

Nettsider med kvalitet

Ei nettside er ikkje berre ei nettside. Du har heilt sikkert opplevd nettsider som lastar seint, sider med feilmeldingar, eller at du rett og slett ikkje finn informasjonen du er på jakt etter. Du har nok også opplevd at du ikkje finn kjende verksemder sjølv om du søkjer etter dei i verdas største søkemotor Google.
Vi kan trøyste deg med at det ikkje er deg eller din PC det er feil med. Feila ligg hjå dei som har laga og vedlikeheld nettsida. Alle desse feila set vi vår ære i å unngå.

Tilgjengelegheit

For oss er det eit viktig prinsipp å lage sidene etter dei internasjonale W3-standardane slik at dei får best mogeleg tilgjengelegheit. Det vil seie at alle som ønskjer det skal kunne finne fram til nettsidene dine og finne den informasjonen dei treng, uansett som dei brukar ny eller gamal PC, mobiltelefonen, Internet Explorer, Opera, Safari eller Mozilla Firefox.

Søkemotoroptimalisering

Vi tilrettelegg også sidene for søkemotorar slik at dei blir lette å finne når nokon ute i verda søkjer etter informasjon som du har på nettsidene dine.

Vi kan bygge opp nettstader frå grunnen av eller redesigne eksisterande sider. Vi kan også analysere din noverande nettstad og gje råd om kva enkle grep du kan gjere for å betre din eigen digitale synlegheit.

Tilsette

  • Steinar Kjøde
    Marknadsansvarleg digitale medier
    Tlf.: 951 98 514
    steinar@firda.no